Gran Prix

«Gran Prix» er ei reinspikka underhaldingsmaskin med to av Vestlandets mest drevne showtrubadurar i front, og er konstruert med eitt mål for auget – at publikum skal få den komplette festopplevinga. Musikarane og entertainerane Torbjørn Gran og Øystein Eckhoff utgjer eit knallsterkt lag, og saman med Strynetrommis Åge Nygård er uttrykket komplett. Med høg musikalitet, energi og forløysande humor leverer dei ei slagerparade av kjende låtar som publikum likar å høyre, syngje med på og danse på borda til. Så hiv på deg skjorta, legg håret til rette, smør songstrupa og la rockefoten bevege seg til ei bandoppleving med underhaldingsverdi!